Vekst i utkanten

Annonse

Dette anbefaler kv.no's lesere

Annonse

debatt

Flyttinga går ikkje berre ein veg. Dei siste rapportane frå Statistisk sentralbyrå (SSB) om utvikling i folketalet er god lesnad for mange utkantkommunar. Dei minste og mest perifere kommunane i landet har lenge slite med nedgang i folketalet. Ikkje sidan 1980 har desse kommunane hatt auke i folkesetnaden. Det gler meg difor å sjå at nettotala i fjor gjekk frå minus til pluss.

Halvparten av utkantkommunane - 32 av 65- opplevde nemleg auke i folketalet i 2009. Dette skuldast ei rekordhøg tilflytting, mellom anna innvandring, som har halde fram trass i økonomisk vanskelege tider. Samstundes har færre flytta frå utkantkommunane dei siste åra.

Tendensen er altså positiv mange stader i landet. Men me ser at det trengst ein langsiktig innsats for at folk skal få reell valfridom til å busetje seg der dei vil. Mange kommunar har framleis nedgang i folketalet. Langvarig sentralisering har ført til at mange kommunar har få unge i den alderen der det er naturleg å stifte familie og få barn.

Berre ein aktiv politikk for lokalsamfunn, distrikt og regionar kan snu ei slik utvikling. Difor er dei tunge strukturane i samfunnet viktige. Breiband, straum, veg, gode offentlege tenester må vere på plass. Fleire gründerar må få mulegheit til å skape nye arbeidsplassar. Den raudgrøne regjeringa ynskjer å spreie kompetansearbeidsplassane betre i landet. Me har gjeninnført den differensiert arbeidsgjevaravgift, styrka kommuneøkonomi og gitt betre kår for landbruket. Alt dette har mykje å seie for at folk skal kunne busetje seg der dei vil.

I 2010 vil Kommunal- og regionaldepartementet satse enda meir for å styrkje kommunane sitt arbeid med å byggje attraktive lokalsamfunn. Levande lokalsamfunn og profesjonelle kommunar trekker til seg kreative tilflyttarar. Det er avgjerande for å sikre at heile landet blir teke i bruk.



Liv Signe Navarsete (Sp),

kommunal- og regionalminister

 

Kommentarer på kv.no

Trond Nøstvold Tou

Her kan du fritt komme med dine synspunkter, men det må skje under fullt navn. Da blir det mer interessant for andre som følger debatten eller deltar i den. Vi krever også en respektfull og saklig tone. Trakassering, hatske meldinger, trusler eller reklame blir ikke akseptert på kv.no. Falske profiler vil bli utestengt.

Vennlig hilsen Trond Nøstvold Tou, publiseringsredaktør Kragerø Blad Vestmar.